
Foto: Anders Brenna (Teknisk Beta, Lisens: CC-BY), Skalert med GIMP
Eg innrømmer det med ein gong, eg har blitt frelst. Eg har sett lyset! Dette har ingenting med verken Jesus eller Mohammed å gjere, men fri programvare.
OK, eg overdriv kanskje litt, eg ser ikkje på fri programvare som ein relegion, og eg er ikkje like fundamentalistisk som sjefen sjølv Richard Stallman.
Eg var altså og såg på føredraget til Stallman i Bergen forrige torsdag og mannen har definitivt sine poeng, og eg tenkte å bringe vidare hovedpoenga i denne bloggposten.
Fyrst: Kva er fri programvare? På engelsk seier ein “Free as in freedom, not free as in beer”. Med dette meiner ein altså at fri programvare ikkje treng å vere gratis, sjølv om den ofte er det. For å vere fri programvare må den derimot oppfylle dei fire fridomane Free Software Foundation har sett opp:
- Fridom 0: Fridom til å køyre programmet til det føremålet ein ynskjer.
- Fridom 1: Fridom til å studere og endre programmet. (Dette forutset tilgang til kjeldekoda.)
- Fridom 2: Fridom til å kopiere og redistribuere programmet så du kan hjelpe naboar og vener.
- Fridom 3: Fridom til å forbetre programmet og distribuere programmet til allmenta, til fordel for heile samfunnet.
Litt historie:
I dei gode gamle dagar då datamaskiner var noko ein kun hadde på universiteta var det vanleg at alle delte på programvaren dei skreiv. Eit program var som regel skreve for ein spesiell maskinvare, så om du fann eit fint program som var skreve for kollegaen din si maskin, måtte du skrive om programmet for di maskin. Det var vanleg å gi programmet namn som er rekursivt akronym, av typen “dette programmet er ikkje det andre” (Eksempel: LAME: Lame Ain’t an Mp3 Encoder, XINU: Xinu Is Not Unix). Dette var ein kultur som gjekk ut på å dele, og hjelpe dine vener.
Etterkvart byrja folk å lukke koden sin, og ein kunne ikkje bruke programmet utan å signere ein avtale om at ein ikkje skulle kopiere eller redistribuere programmet. Dette gjorde at om kollegaen din likte programmet han såg du køyrde, kunne du ikkje hjelpe han utan å bryte avtalen du hadde inngått. Dette heiter propertiær programvare. Heile delekulturen som hadde prega programvaremiljøa stod i fare.
Dette likte ikkje Richard Stallman og han bestemde seg for å gjere noko med det. Så han tenkte over kva som var det viktegaste for å kunne bevare denne kulturen. For å kunne køyre noko som helst på ei datamaskin, så treng ein eit operativsystem, så Stallman begynte der og starta GNU-prosjektet. All programvare var på den tida blitt lagt under copyright-lovgivninga, så han laga også ein fri lisens – General Public Licence.
Noko det fyrste han gjorde var å lage ein fri teksteditor (Emacs) og ein fri kompilator (gcc). Emacs finst i dag i mange versjonar der GNU Emacs og Xemacs er dei to mest brukte. To andre versjonar som kan vere verd å nemne er EINE (Eine Is Not Emacs) og ZWEI (Zwei Was Eine Initially).
Tidleg på 90-talet var det meste av systemet ferdig, men ein mangla ein vikteg del, nemleg kernelen. Ein begynte då å utvikle HURD. I 1991 slapp ein finsk student Linus Torvalds Linux-kjernen og denne vart etterkvart slept under GPL. Dette gjorde at ein hadde ein kjerne ein kunne bruke i GNU-systemet og GNU/Linux vart ein realitet. (Når folk i dag seier at ein køyrer Linux, er det GNU/Linux dei meiner. Linux er berre ein liten (men vikteg) del av systemet)
Kvifor er det vikteg med fri programvare?
Når ein ikkje kan studere kjeldekoden til eit program kan ein heller ikkje vite korleis programmet verkar og kva det gjer. Kan det vere bakdører som tar over maskina di? Installerer det programvare på maskina utan at du veit det? Er det gjort feil i koden som gjer at maskina di kræsjar? Dette kan du ikkje vite. Stallman sa det så enkelt som ein kan skilje propertiær programvare i to kategoriar: Den ein veit har “malicious features” (korleis overstte det til godt norsk?) og den ein ikkje veit om har det.Om ein kjøper ei kake har ein rett til å vite kva som er i den for å vite om det er noko du er allergisk mot, eller om den er forgifta. Det er også vanleg å dele kakeoppskrifter og legge til sine eigne ingrediensar som ein likar. Programvare skulle vore meir som kaker. (No fekk eg lyst på kake!)
Desutan er fri programvare mykje meir pedagogisk enn propertiær programvare. Om ein er nysgjerrig og lurer på korleis eit program verkar, er det ingen måte å gjere det på om ein har eit propertiert program. Med fri programvare er det berre å laste ned kjeldekoden og begynne å lese koden.
Ok, eg er eigentleg litt pragmatisk. Eg køyrer ein del propertiær programvare. Eg har til og med Windows og Gentoo i dual boot. Men eg prøver å køyre fri programvare der det er mogeleg. Dess fleire som bidrar, dess meir fri programvare blir tilgjengeleg.
Eksempel på fri programvare:
*: Tilgjegeleg for Windows.

Slik kan eit skrivebord sjå ut i GNU/Linux. Dette er Gentoo med GNOME.
Og til slutt: There is no system but GNU, and Linux is one of it’s kernels!
Lenker for fotoet på toppen: Anders Brenna, Teknisk Beta, CC-BY
Tips oss hvis dette innlegget er upassende